BPA

"Omsorg for mennesket"

Vi er løysingsorienterte og fleksible

Copyright Dreamcastphoto

Brukarstyr personleg assistanse (BPA)

 

 

Melås Helse AS tilbyr Brukarstyr personleg assistanse (BPA). Med Melås Helse AS som BPA leverandør er du sikra eit fagleg godt tilbod og god og tett oppfølging heile vegen. Vi har gode kvalitetssystem. Vi er løysingsorienterte og fleksible. Vi gir rettleiing til assistentar, arbeidsleiarar og kommunar. Melås Helse AS har hovudkontor i Øvre Årdal som ligg inst i Sognefjorden. Vi er difor lokalisert sentralt både til Øst og Vest. Vi har kort veg til lokal flyplass og er svært mobile. Vi kan oppsøke kommunar og brukarar på kort varsel.

For å komme i gang med BPA, må du sende søknad til pleie og omsorgstenesta i heimkommunen din. Melås Helse AS hjelp deg gjerne med BPA søknaden din.

 

BPA er ein måte å organisere praktisk bistand for deg som er funksjonshemma og som treng praktisk bistand i kvardagen. Du er sjølv arbeidsleiar for dine assistentar som du sjølv velger og tilsetter. Du bestemmer sjølv når og korleis du ynskjer å nytte assistentane innanfor rammene av BPA vedtaket frå kommunen. Med BPA skal du leve eit variert liv der du kan nytte ordninga fleksibelt ut i frå dine behov. Du kan til dømes nytte mange timar ei veke for å nytte mindre den neste. Målsetjinga med BPA er at du som brukar skal ha eit aktivt, sosialt og mest mogeleg uavhengig liv. Personar med utviklingshemming eller born med nedsett funksjonsevne kan og få BPA. Brukarstyringen vert da ivareteken av andre personar på vegne eller i samarbeid med brukaren. BPA er eit viktig bidrag til likeverd, likestilling og samfunnsdeltakelse for personar med nedsett funksjonsevne og stort behov for bistand.

 

Det er brukar sjølv eller andre nære personar som er den daglege leiaren for assistentane. Det å vere BPA arbeidsgjevar og leverandør vert anten utført av kommunen sjølv eller av ein privat leverandør som kommunen har gjort avtale med. Slike avtalar kan til dømes vere ein tjenestekonsesjonsavtale, noko som betyr at kommunen har kvalitetssikra fleire leverandørar. Du som har BPA vedtak kan på denne måten velje å nytte deg av ein av leverandørane som kommunen har avtale med. Melås Helse AS har i dag tjenestekonsesjonsavtale med ein kommune og er i stadig vekst. Dei fleste BPA avtalar er basert på Norsk Standard om BPA.

 

I 2015 vart BPA rettigheitsfesta. For å lese meir om kva BPA ordninga inneber kan ein følgje desse linkane: https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/I-152005/id445639/ eller https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/i-202000/id445628/

 

 

Med Melås Helse AS som BPA leverandør får du:

•Grundig arbeidsleiaropplæring

•Tilbod om bistand til rekruttering av assistentar

•Tilbod om bistand til intervju, tilsetjing og turnusplanlegging

•Utlysingsannonsar

•Eigen kontaktperson som er tilgjengeleg for opplæring og spørsmål

•Kurs i BPA

•Eigen BPA rådgjevar som har erfaring frå drift av BPA tiltak

•Ein profesjonell og ryddig arbeidsgjevar for tilsette og god oppfølging av assistentane

•Eit overordna kvalitetssystem med gode prosedyrar og retningslinjer

•Handbok for arbeidsleiarar og assistentar

•Rettleiing og rådgjeving også utanom ordinær arbeidstid ved behov

•Nærleik til tiltak sidan hovudkontoret vårt litt i nær avstand til dei fleste stader. Kontaktperson reiser ut til tiltak ved behov og ynskje

 

Er du arbeidsleiar/BPA mottakar i dag, lurer på om du kan søke om BPA, om det passar for deg eller har andre spørsmål om BPA hjå Melås Helse AS?

 

Ta kontakt med vår kontaktperson for ein uforpliktande samtale:

 

Kristiane Seim

E.post: kristiane@melashelse.no

Tlf. 47479832

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Finn oss:

 

Postadresser.

Postboks 284

6852 Sogndal

Besøksadresse:

Parkvegen 2

6856 Sogndal

 

Telefon: 57 65 44 00

Telefontid: Man-Fre. 08.00-16.00

E-Post: post@melas.no

Org. Nr. 913 357 477