Individretta Butilbod

"Omsorg for mennesket"

"Vi har tilsette med lang og allsidig erfaring"

Copyright Dreamcastphoto

Individretta Butilbod

 

 

MELÅS HELSE AS har butilbod på oppdrag frå ei rekke kommunar både i og utanfor Sogn og Fjordane fylke. Vi er geografisk plassert i Leikanger, Årdal, Bergen, Sogndal og Bremanger, med brukarar frå ei rekke kommunar. MELÅS har basert drifta på fleksible løysingar for kommunane, noko som gjer at tiltak kan etablerast kvar som helst i landet. Vi tilbyr og behandlingsopphald som alternativ soning eller tvungen omsorg og vi tilbyr avlastningsopphald.

 

MELÅS HELSE AS har tilsette med lang og allsidig erfaring innan arbeid med menneske, både med fagleg og erfaringsbasert kompetanse. Vår faglege kompetanse omfattar psykologar, legar, sjukepleiarar, sosionomar, vernepleiarar, pedagogar, spesialpedagogar, barnevernpedagogar, miljøterapeutar og anna helse- og miljøpersonale. Vi har også personale med psykologisk-pedagogisk utdanning og personale med brei kompetanse på kriser og traumer.

 

Vi har til ei kvar tid ledige husvære i beredskap og kan på svært kort varsel opprette nytt butilbod. Vi har for tida bustader i Årdal, Leikanger, Bremanger, Sogndal i Sogn og Fjordane, samt Kongsberg i Buskerud.

 

Mange tiltak startar med at ein kommune tek kontakt med oss og ber om "øyeblikkeleg hjelp". Difor har vi eit eige innsatsteam som tek seg av alt det praktiske rundt etablering av eit nytt tiltak. I dei tilfeller der kommunen ynskjer tilbodet etablert i eigen kommune startar ofte arbeidet med at vi kjøper eigna bustad for tiltaket i oppdragskommunen.

 

Ved sidan av den tiltaksbaserte drifta tilbyr vi kompetansepersonell til forelesningar, utleige av personell som vikarar eller som fast grunn-bemanning.

 

 

 

 

 

 

Finn oss:

 

Postadresser.

Postboks 284

6852 Sogndal

Besøksadresse:

Parkvegen 2

6856 Sogndal

 

Telefon: 57 65 44 00

Telefontid: Man-Fre. 08.00-16.00

E-Post: post@melas.no

Org. Nr. 913 357 477