Om Oss

"Omsorg for mennesket"

Logoen vår er eit symbol på omsorg - omsorg for mennesket!

Copyright Dreamcastphoto

Melås Helse AS

 

 

MELÅS HELSE AS driv hovudsakleg med akutt-tiltak og individuelt retta bu- og omsorgstiltak for brukarar med spesielle hjelpebehov. Vi jobbar innanfor eit vidt spekter av problemstillingar og diagnosar men den største brukargruppa vår og som vi har mest kompetanse på er akuttetablering av bu- og omsorgstilbod til brukarar som er på veg ut frå institusjon (psykiatri, rus, fengsel, ungdomsheim, etc) eller som havnar i ein akutt situasjon i heimen eller i ei livskrise av andre årsaker. Vi etablerer bu- og omsorgstilbod både i høve til tvungen omsorg, soning eller vilkårsopphald, barnebustad, psykiatri, rus, asperger, adhd, OCD, traumer, prader willi syndrom, angelman syndrom, etc. Utagerande eller valdeleg atferd, både fysisk, verbal og non-verbal er ofte tilleggsproblematikk som våre tilsette har kompetanse på og er vane med å løyse på ein god, konstruktiv og læringsbasert måte for brukar.

I tillegg tilbyr vi avlastning, dag- og arbeidstreningstiltak, kurs og opplæring, rådgjeving og rettleiing, samt utleige av vikarar innan helse og omsorg.

 

MELÅS HELSE AS jobbar ut frå eit prinsipp og ei tru på at alle har eit potensiale i seg til positiv endring og vi legg difor vekt på individuell tilpassing for å oppnå best mogeleg resultat og for å sikre at den enkelte bebuar vert minst mogeleg ressurskrevjande på sikt. Vår suksess er svært ofte at vi gjer ting litt anleis enn alle andre. Mange, både bebuarar og oppdragsgjevarar opplever ofte at alt har vore prøvd. Vi viser gang på gang at så ikkje er tilfelle og saman finn vi gode metodar for positiv utvikling.

 

MELÅS HELSE AS si vektlegging av individuelt tilpassa opplegg gjer at vi fagleg sett er eklektiske og ofte også må tenkje utradisjonelt i høve til fagleg tilnærming og fagleg forankring, men den raude tråden hjå oss er positivt og utviklande miljøarbeid og kognitiv atferdsterapi, ofte i kombinasjon med f.eks traumeheling og ptsd-relatert psykoterapi. Vi nyttar også avtalestyring og belønningssystem i vårt arbeid med våre bebuarar og vi har stort fokus på ansvar og grenser.

 

MELÅS HELSE AS vart stifta og er eigd av psykolog Per Steinar Melås.

Han driv MELÅS HELSE AS og personalrettleiing for bedrifter, kurs og seminarverksemd og klinisk utgreiings- og behandlingsarbeid. Han nyttast også ofte som sakkunnig for rettsapparatet.

 

Vi har ein organisasjon som gjer oss i stand til å ta på oss nye utfordringar på både kort og lang sikt. Ta kontakt med oss for eit uforpliktande tilbod eller eit presentasjonsmøte. Vi tek imot oppdrag frå heile landet og tek gjerne eit besøk hjå dykk for å presentere oss og mulige løysingar.

 

 

 

 

 

Finn oss:

 

Postadresser.

Postboks 284

6852 Sogndal

Besøksadresse:

Parkvegen 2

6856 Sogndal

 

Telefon: 57 65 44 00

Telefontid: Man-Fre. 08.00-16.00

E-Post: post@melas.no

Org. Nr. 913 357 477